Inspirasjon

Spor smykkeserie HAV

Langstrakte tareblad som svaiar symfonisk med straumen, og tangen ved fjæra med små luftfylte blærer og bølgjande blad – det er inspirasjonen til den nye Hav-serien.

Hav – smykker i tidlaust sølv, inspirert av tang og tare.

Kvart smykke er elegant designa av Anne Lise Tollefsen og laga med presisjon av dei dyktige gullsmedane i Sylvsmidja på Voss. Organiske former og blanke overflater kjenneteiknar den nye serien. 

Det er som om ein kan høyra bølgjebrus og kjenna smaken av saltvatn når ein ser skinet i dei blanke sølvssmykka.

Sjå HAV-serien

Spor-kolleksjonen består av fire ulike seriar: Lav, Knopp, Blad og Hav som kjem i 925 sølv i kvite, oksiderte og antikkforgylte utgåver. Nokre smykke vert også laga i 14 karat gull (585). Alle Spor-smykka er ekte norsk smykke design, laga på Voss.

Smykke med rosenkvarts stein

Hav-serien introduserer rosenkvarts, som du finn i både ring og øredobb. Rosenkvarts er kjent for sine milde, rosa tonar og kjærleiksfulle energi. Denne steinen er assosiert med kjærleik, medfølelse og helbredelse. Spor-smykka nyttar fair trade rosenkvarts, noko som sikrar at steinane er etisk utvunne med respekt for både menneske og miljøet.

Er du Spor-medlem? Hugs at du alltid har:

  • ​15% rabatt på alle produkt (gjeld ikkje smykke med gull)
  • Gratis frakt

Norsk smykke design, laga på Voss

Hav-serien er fronta av Spor-kvinna og multikunstnaren Signe. Bli betre kjent med Signe her.

Smykka frå Spor er designa slik at dei kan brukast til alle anledningar, anten du skal på kontoret eller av stad til ein hyggeleg fest. Og uansett om du føretrekk ein enkel look eller vil miksa ulike smykke for eit meir unikt uttrykk, vil du finna favorittane som kan passa antrekka dine.

Gå til nettbutikken

Bli Mitt Spor-medlem i dag og få 15 % rabatt på alle ordinære prisar (gjeld ikkje produkt som inneheld gull) og fri frakt.

Bli Spor-medlem