Lav-serien er ei hyllest til den urørte norske naturen, der lav veks vilt og vakkert på stein og fjell. Kvart smykke i serien er designa for å reflektera dei mjuke, bølgjande formene til desse naturskjønne, sterke artane. Ei påminning om vår eigen kraft og styrke.
Smykkedesignar Anne Lise Tollefsen har henta inspirasjon frå steinlav som klamrar seg fast på nakne steinar i fjellheimen på Finse. Gullsmedane i Sylvsmidja har vidareført teikningane og idéane hennar, og resultatet er ein sofistikert serie i resirkulert 925 sølv, som elegant fangar naturen si rå styrke og skjønnheit.
Mjuke, bølgjande former pregar ringar, armbånd, øredobbar og halskjeder. Delikate detaljar vert framheva av kontrasten mellom blanke og mørke overflater.
Sjå også seriane Blad, Knopp, Hav og våre kjeder og charms.
Fairtrade prasiolitt
Serien introduserer også prasiolitt, ein praktfull kvarts i milde, friske grøntonar som harmonerer vakkert med sølvet.
Edelsteinen er henta ut på ein etisk, berekraftig måte og er Fairtrade-sertifisert.
Bli Mitt Spor-medlem i dag og få 15 % rabatt på alle ordinære prisar (gjeld ikkje produkt som inneheld gull) og fri frakt.