About Spor

Slik oppbevarer og vedlikeheld du sølvsmykke

Sølvsmykke oksiderer og blir mørkare over tid. Ønskjer du å ta vare på smykka dine og ha glede av sølvet ditt lengst mogleg, gjeld det å oppbevare dei riktig.

Oksidering er ein naturleg prosess som skjer når sølv blir utsett for luft og fukt over tid og det blir danna eit tynt lag av sølvsulfid på overflata. Sjølv om sølv oksiderer, er dette eit overflatefenomen, og sjølve sølvet under oksidasjonslaget er upåverka. Ved å pussa vekk oksideringa får du eit sølvsmykke som er så godt som nytt.

Her er tipsa til deg som vil vite korleis du tek vare på Spor-smykka. Sølv er eit levande materiale og kan bli påverka av både lys, luft, fukt og smuss. For å halde smykka blankt og fint over tid trengs det difor riktig pleie.

Oppbevaring av sølvsmykke

  • Tek du vare på sølvsmykke i lukka, lufttett pose er du med på å bremse oksideringsprosessen og unngår dermed at sølvet vert mørkare.

Lys og fukt kan også påverke fargen på sølv over tid. Oppbevar sølvsmykke tørt og gjerne i smykkeskrin eller skåp og skuffer som ikkje slepp inn lys. Lys kan gjere dei blanke overflatene matte, og spesielt kvitt sølv kan gulna.

LES OGSÅ: Slik kan du kombinere Spor-smykke

Vask og smykkepleie av sølvsmykke

  • Smuss kan også føre til misfarging. Me anbefaler difor å vaske smykke av sølv i ei skål med 1 liter lunka vatn, 1 ts salmiakk og eit par dråper Zalo. Det er alt som skal til for å reinsa vekk smuss, fett og eksempelvis restar av parfyme slik at smykka blir fine igjen. Ver forsiktig dersom smykka har perler eller halvedelsteinar. Då held det vanlegvis å tørke dei skånsamt med ein mjuk, fuktig klut.

Me fører også smykke i 14 karat gull (585). Sidan gull er eit edelt metall, reagerer det ikkje med oksygen på same måte som sølv, men det kan likevel vere lurt å vaske gullsmykka av og til for å fjerne smuss som set seg fast i ringen, øredobben eller smykket.

 

LES OGSÅ: Finn riktig ringstørrelse

Bli Mitt Spor-medlem i dag og få 15 % rabatt på alle ordinære prisar (gjeld ikkje produkt som inneheld gull) og fri frakt.

Bli medlem