About Spor

Slik kan du kombinere Spor-smykke

Set dine eigne spor med ulike kombinasjonar av smykke og anheng frå vår smykkekolleksjon, akkurat slik du likar det best.

Spor er det du ønskjer at det skal være nettopp fordi du kan kombinera smykka på ulikt vis og etter din smak. Det kan lett gjerast ved å setje saman anheng på halskjede og armband og å kombinere eit eller fleire Spor-smykke. Her er det berre å la fantasien bestemme og leike seg med dei smykka ein likar best – både smykka og anheng er laga slik at dei fungerer både aleine og saman med kvarandre.

Under er ei oversikt over ulike kombinasjonar av smykka slik at du kan få inspirasjon til å sette dine eigne spor.

LES OGSÅ: Slik oppbevarer og vedlikeheld du Spor-smykke

Kraftig panserkjede med anheng


Dette smykket kan brukast aleine eller i kombinasjon med fleire smykke, som til dømes det lekre justerbare ertekjede. Panserkjede finst både i sølv og oksidert sølv, og saman utgjer dei ein nydeleg kombinasjon. Bruk gjerne fleire panserkjeda samstundes slik at dei flettar seg i kvarandre. Panserkjede kan òg brukast saman med ulike charms. Alle charms er lette å setje på og ta av etter ønskje.

 

panserkjede

Armbånd med rosa månestein

Dette nydelege armbåndet, laga av duse rosafarga månestein, kan brukast aleine, eller saman med andre armband. Ynskjer du det lille ekstra, kan du til dømes henge på anheng av epleknopp, anten i sølv eller i oksidert sølv. Begge knoppane kjem med ei lita gullkule inni.

Armbånd med rosa månestein

månestein

Perlearmbånd i sølv


Kombiner perlearmband med armband i sølv og sett på dine favoritt anheng. Spor-kolleksjonen har fleire ulike perlearmband med ulik naturstein.

Sjå alle våre armbånd

Perlearmbånd

Halssmykke med abstrakte blad

Halsmykket er langt, designa for bruk på ulik vis slik at det passar til ulike utringingar. Bruk gjerne saman med panserkjede i sølv. Ulike charms er også fint å hekte på for variasjon.

langt halskjede

Dei ulike smykka og anhenga er laga slik at dei fungerer både aleine og saman med kvarandre.

Langt halskjede i antikkforgylt sølv

Det lange kjedet kan leggjast om halsen både to og tre gonger. Den gylne fargen passar godt i lag med mørke element som charms i oksidert sølv eller det mørkeblå perlesmykket.

Kjøp smykke her

Kombinasjon av ringar

Ringar kan kombinerast på nye måtar kvardag. Prøv å miksa oksidert sølv med innspel av gull, så får du ein røff og elegant stil på same tid.

Sjå ringane her

Vil du ha meir inspirasjon? Føl oss på Instagram og la deg inspirere av ulike måter å bere og kombinere Spor-smykka på.

Bli Mitt Spor-medlem i dag og få 15 % rabatt på alle ordinære prisar (gjeld ikkje produkt som inneheld gull) og fri frakt.

Bli medlem