About Spor

Set spor med lange øredobber

Me dykkar ned i trenden med lange øredobber, og viser deg nokre av våre favorittar som garantert vil få deg til å skilja deg ut.

Kvifor skal du velja lange øredobber

Lange øredobber i sølv tiltrekkjer merksemd og rammar inn ansiktet på ein flatterande måte. Dei kan brukast for å løfta eit enkelt antrekk, eller som det perfekte tilbehøyret til ei meir formell anledning.

  • Lange øredobber passar til alle ansiktsformer
  • Skapar eit statement og gjer eitkvart antrekk komplett
  • Er tidlause og går aldri av moten


Les også om Hav-serien, den nyaste smykke serien frå Spor.

La deg inspirera av Sporkvinna, Signe

Her er showpiece-øredobbene som set deg i rampelyset! Dei dansar lett i takt med bevegelsane dine og gir deg eit røft og rocka uttrykk når du skal ut på byen, samtidig som dei tilfører ein sofistikert eleganse til meir formelle anledningar.

Lange øredobber i oksidert sølv

Lange øredobber i sølv kjem til sin rett når håret er sett opp, slik som her med Sporkvinna Signe Schineller. (Foto: Ingerid Jordal)
Lange øredobber i sølv kjem til sin rett når håret er sett opp, slik som her med Sporkvinna Signe Schineller. ​(Foto: Ingerid Jordal)

 

Korleis velja dei perfekte øredobbene

Det handlar sjølvsagt om personleg smak og anledning når du skal velja øredobber. Enkle og meir subtile design passar godt til kvardagsbruk, så kan du spara dei mest praktfulle til spesielle anledningar.

Tenk på korleis øredobbene vil sjå ut saman med frisyren din. Lange øredobber kan vera spesielt flatterande når håret er sett opp.

Ute etter ein gåve til nokon du er glad i? Les våre gåvetips til henne her

Føretrekk du minimalistiske øredobber?

Om du føretrekk små øredobber, finn du også eit utval med enkle linjer og rein design i Spor-kolleksjonen. Desse er perfekte til kvardagsbruk, men også til meir formelle anledningar, dersom du likar den minimalistiske stilen.

Sjå alle øredobber frå Spor

 

Norsk design, laga på Voss

Smidd med inspirasjon frå den rå, norske naturen som er i konstant endring. Full av kontrastar og liv. Motstand og visdom. Og med tida gjer den oss vakker, jorda og sterk. Den set sine spor.

Les meir om Spor