Spor Woman

Nokre spor er evige

Bilete: Ingerid Jordal/Gitte Boge Tekst: Schibsted partnerstudio

– Det er eit enkelt reknestykke. Hamnar eg i ubalanse, har eg ikkje vore bevisst nok. Derfor gjeld det å vera bevisst, seier Signe Schineller, multikunstnar og ny modell for Spor; smykka som er fulle av kontrastar - akkurat som livet sjølv.

Livsbalanse er ein kunst. Å vera i balanse er godt. Ubalanse er vondt.

– Eg er litt rotete, ustrukturert, elskar å kosa meg og er knallgod på å utsetja.

Signe Schineller ler ein trillande, smittande latter og held fram:

– Men eg er også veldig bevisst på dette og prøver å bli betre. Eg vil gjerne forbetra meg. Og eg er eigentleg på god veg, seier ho med eit ærleg smil.

Nokon dreg gjerne kjensel på den raudhåra dama med dei lange, viltre lokkane frå tida då ho var interiøransvarleg for eit populært oppussingsprogram på TV. Året var 2010, byen Oslo og Signe hadde fått det ein del nok vil omtala som draumejobben.

– På mange måtar var det også draumejobben. Eg var jo på TV. Fekk jobba med interiør. Begge delar er jo så kjekt!

Likevel. Det var mykje i livet til Signe som ikkje var heilt slik det skulle vera.

Eg var styrt av pengar og karriere. Kva andre meinte om meg, og det å bli sett, var viktig.

For Signe handlar livsbalanse om alt frå å få nok kvile til å pleia gode relasjonar. Smil og latter finn ho alltid rom til i livet sitt.

– Eg må også eta sunt, halda meg i aktivitet og ikkje minst vera mykje utandørs for å ha det godt med meg sjølv. Naturen er utruleg viktig for at eg skal ha det bra, seier 49-åringen.

Ute finn ho ro. Ute får ho påfyll. Ute badar ho så ofte ho kan - sommar som vinter.

– Ikkje slutt med sommarbading viss du også har lyst å bada vinterstid! Det er den beste måten å førebu seg til kaldare vatn!

Designa og laga i Noreg

Det er dei ørsmå detaljane utandørs som skapar det unike uttrykket til Spor, smykka som i si heilheit er laga i vestlandsbygda Voss.

– Eg er så stolt over å få vera med på lanseringa av dei heilt nye utgåvene av serien Blad. Dei perforerte bjørkeblada av sølv er perfekt uperfekte, synest Signe.

Smykka er laga med inspirasjon frå den rå, norske naturen som ho er så glad i. Naturen som er i konstant endring og alltid overraskar henne med noko nytt.

No har naturen igjen kledd seg i haustdrakta si. Lufta er friskare enn for berre kort tid sidan. Sjøen kaldare. Dagane kortare. Og når vinden leikar seg med greinene, får han fargerike lauv til å dansa på ferda si mot bakken.

På same måte som naturen set sine særeigne spor full av kontrastar, fargar og liv, kan du sjølv kombinera Spor-smykka for å skapa ditt heilt eige uttrykk. No består kolleksjonen av tre seriar som kan setjast saman slik du sjølv vil.

På same måte som naturen set sine særeigne spor full av kontrastar, fargar og liv, kan du sjølv kombinera Spor-smykka for å skapa ditt heilt eige uttrykk. No består kolleksjonen av tre seriar som kan setjast saman slik du sjølv vil.

Sjå Blad-serien

På feil spor

Visjonen til Spor er å lyfta fram kvinner som vel annleise spor i livet og slik inspirerer andre.

– Livet er for kort til ikkje å ha det mest mogleg kjekt. Setja pris på alt ein har. Livet er her og no - det ynskjer eg å formidla vidare, fastslår Signe.

Ho synest samtidig det er viktig å planleggja og tenkja langsiktig. Ha mål. Utvikla seg.

– Men eg elskar og er så takknemleg for her og no. Det gjeld å finna balansen og setja pris på dei små tinga, synest ho.

God livsbalanse kjennes ikkje berre fint innvendig - det kan òg sjåast på utsida. Det er harmoni rundt ein person som trivst med seg sjølv.

– Eg føler meg ikkje bra når eg er i ubalanse. Men det er heldigvis mykje eg kan gjera for å halda balansen. Eller iallfall finna han att, seier Signe ettertenksamt.

På rett spor

– Då eg budde i Oslo, var eg ikkje på rett plass i meg sjølv. Eg var både usikker og sleit med dårleg sjølvkjensle, fortel Signe vidare.

Karriere og synlegheit var ikkje det den til vanleg så sprudlande og glade Signe trengte. Ho måtte ta eit val. Eit val som skulle føra henne til Vestlandet.

– Eg trengte eit liv der eg kunne sleppa maska og fasaden. Tørra å vera meg sjølv, ja rett og slett finna tilbake til meg kven eg eigentleg er, seier Signe.

Ho ynskte seg eit liv meir i kontakt med naturen. Med mindre bylarm, mindre asfalt og mindre press.

– Endring var heilt nødvendig. Det å ta steget og flytta, var for meg eit heilt avgjerande val i livet mitt. Eg måtte vekk frå Oslo for å klara å lytta til meg sjølv og slik bli kvitt den indre uroen eg kjende på.

I balanse med seg sjølv

Mykje har endra seg sidan Signe bytte bort storbyliv og karriere med eit rolegare liv på Vestlandet. Medan ho før var oppteken av kva andre meinte om korleis ho såg ut og kva ho gjorde, betyr det lite for henne i dag.

– Før var eg usikker og inst inne redd for så mykje. Andre har sagt at eg såg vellukka og trygg ut, men det stemte ikkje. Eg bar på mykje kaos, sinne, forvirring og sorg.

Det å bryta med det gamle og begynna på nytt på ein ny plass, var ein viktig prosess for Signe. Ho utdanna seg til yogainstruktør medan ho budde i Rosendal. Vel seks år seinare braut ho igjen opp og flytta. Då til Bergen.

– Rosendal vart etterkvart litt vel liten, syntest eg. Når det er sagt; det tok ikkje lange tida i ein ny storby før eg igjen søkte meg mot meir landlege strok, smiler ho.

Finn ro i naturen

No bur Signe svært så landleg til i eit eldre hus på Askøy som ho pussar opp litt etter litt. Ho riv ned, og ho byggjer opp. Ho sagar, spikrar og bur seg til med sambuar og dei kjære kattane hennar Sølve og Julipus.

– Endeleg er eg i det rette elementet mitt. Eg nyt stillheita, naturen og har det godt med meg sjølv. Aldri har eg følt meg flottare eller hatt det betre, seier Signe, som jobbar frilans som yogainstruktør og startar dagane så ofte ho kan med kaffi utandørs og morgonbad i sjøen.

49-åringen lèt seg ikkje lengre påverka av kva andre meiner. «Ta meg som eg er eller lat vera», seier ho til folk.

– Eg tek meg tid til å sjå og lytta til alt det fine som skjer i naturen. Det trur eg altfor mange overser, seier ho.

Ho tek seg tid til å oppdaga morgondogg og fine nett av spindelvev. Solstråler som bryt gjennom haustlauv. Sopp på fuktig skogsbotn og raudsprengte tytebær.

Det er slike ørsmå detaljar frå naturen som skapar det unike uttrykket til Spor-kolleksjonane også. Kvalitetssmykka som er inspirert av den same naturen som betyr så mykje for Signe.

Bli Mitt Spor-medlem i dag og få 15 % rabatt på alle ordinære prisar (gjeld ikkje produkt som inneheld gull) og fri frakt.

Bli medlem

Set nye spor på gamle stiar

– Naturen er utruleg viktig for meg både som forfattar og menneske. Kanskje er det difor eg likar Spor-serien så godt, seier ho.

Les meir om Ruth Lillegraven

Hardangerbonden set spor med smykkelansering

– Eg vart skikkeleg stolt då eg fekk veta at Spor vert laga på Voss som berre en liten time frå garden min.

Les meir om Hardangerbonden