Spor Woman

Med Spor frå havet

Ta deg tid til å sjå dei små tinga. Alle dei magiske augeblinkane som skjer rundt deg heile tida. Kva ser du?

– Sjå skikkeleg etter, tipsar Signe Schineller, multikunstnar og modell for Spor; smykka som er fulle av kontrastar - akkurat som livet sjølv.

– Det er ikkje så vanskeleg, held ho fram og utdjupar: – Berre lat opp augo. Så tek du deg nokre gode innpust og lange utpust. Plutseleg oppdager du kanskje noko du aldri har sett før.

Sjølv har Signe stor tru på det ho kallar kvardagsmagi.

– Ein går glipp av mykje viss kvar dag er lik og ein berre gler seg til helg. Kvardagsmagi handlar om dei små tinga. Som å ta seg tid til å nyta morgonkaffien eller le høgt i lag med gode vener.

Det er mykje som tilfører Signe ein dose tryllestøv i kvardagen. Aller øvst på lista tronar tid utandørs. Tid til å vera i hagen, tid til å bada i sjøen eller tid til berre sjå det vesle i den mangslungne naturen vår. Som vakre skjel og fine steinar.

Designa og laga i Noreg

Det er også slike ørsmå detaljar utandørs som skapar det unike uttrykket til Spor, smykka som i sin heilskap er laga av Sylvsmidja i vestlandsbygda Voss. 

Signe var med på lanseringa av Bladvev, ein smykkeserie inspirert av perfekte uperfekte former i naturen som perforerte bjørkeblad.

No frontar ho også HAV-serien som er inspirert av langstrakte tareblad som svaiar symfonisk med straumen, og tangen ved fjæra med små luftfylte blærer og bølgjande blad

Sjå Hav-serien her.

Det er som om havet pustar roleg og djupt i takt med Signe. Med jamne andedrag som knapt er merkbare på overflata. Skapar små, nesten usynlege krusingar.

Men sjølv når sjøen ligg slik, blank og stille, er verda under i konstant rørsle.

Der dansar tangen i takt med straumen, taren duvar og sjøgraset etterlét seg spor på solvarme svaberg når det vert skylt på land.

– Havet er berre så vakkert! utbryt dama med den ildraude hårmanken.

Prøv noko nytt

Signe er aktiv på Instagram, og det er ikkje reint sjeldan at ho utfordrar dei mange følgjarane sine om å gjera noko ukjent. Noko dei kanskje har hatt lyst til lenge, men som dei ikkje heilt vågar eller berre har utsett. Noko nytt.

– Det kan vera alt frå å bada i sjøen i regn til å sova utandørs, synga framfor eit publikum eller ta eit kurs i noko, seier Signe.

Ho synest at altfor mange utelukkande søkjer det trygge og kjente, og held seg i ei heilt avgrensa komfortsone.

– Slik skal det ikkje vera! Tenk på alt det spennande som finst der ute i verda. Alt som kan utforskast, opplevast og erfarast, seier Signe.

I verkstaden lagar Signe vakker keramikk for hand, inspirert av naturen. Til dømes skåler som passar perfekt som bustad til ein Spor-skatt.

– Glasuren kan endra seg litt frå skål til skål i omnen, men slik er det med livet også: Endringar skjer, og det gjeld å setja pris på kvar einaste dag. Eg elskar og er så takksam for her og no.

Bli Mitt Spor-medlem i dag og få 15 % rabatt på alle ordinære prisar (gjeld ikkje produkt som inneheld gull) og fri frakt.

Bli medlem