Smykke handlar ikkje berre om mote; dei fortel også historier om oss sjølve. Utforsk ulike kombinasjonar, finn din eigen stil, og skap eit unikt uttrykk med halskjeder og anheng!
Den norske smykkekolleksjonen Spor består av fire ulike seriar; Knopp, Lav, Blad og Hav – alle inspirert av ørsmå detaljar og spor frå naturen. Smykka vert laga i gull og sølv, og me har gjort det enkelt å setja saman og miksa seriane slik at du lett kan skapa ditt heilt eige uttrykk.
Halskjede som base
Halskjeda er basen for smykket og grunnlaget for utrykket. Anten du likar det feminine eller maskuline, det leikne eller minimalistiske, har me kjedene du treng.
Ertekjeda og kulekjeda har fleire øsken slik at du kan justera lengda etter behov. Dei tynne kjedene er klassisk og feminine. Fest på fleire av dine favorittcharms for ein meir leiken stil.
TIPS: Lag på lag med kjeder i ulike lengder gir eit spennande uttrykk. Kombiner tynne og kraftige kjeder for variasjon.
Ei kraftig panserkjede gir eit røffare og meir maskulint utgangspunkt. Mjuk opp stilen med perler eller feminine charms. Panserkjeda kjem i både oksidert og kvitt sølv. Oksidert sølv gir gjerne eit tøffare utrykk. Kombiner med gylne tonar for ein meir elegant look, eller miks det mørke og kvite sølvet for spennenande kontrastar.
Bli inspirert av bileta nedanfor.
Anheng: ein personleg touch
Anheng legg til ein personleg touch til smykka dine og gir allsidigheit og uendelege moglegheiter. Det beste med charms er at du kan miksa og matcha etter humør og høve.