About Spor

Julehelsing frå Ingrid

Tekst av Ingrid Sekse

Av og til tenkjer eg at jammen er me nokså tøffe og modige. Fram til 2020, hadde me aldri laga sider før. Sidan har me investert i 400 kvadratmeter produksjonshall og masse utstyr. I år lagar eg 25.000 liter sider og 10.000 liter eplemost. Eg kan love dykk at læringskurva er stupbratt som ei fjellside i Hardanger!

Blir du aldri lei? blei eg spurd her om dagen. Jau då! Å hausta eple frå 10.000 epletre om hausten er intenst og hardt, men det er gjerne lagarbeid, det same er tynninga om sommaren. Å vera fleire, gjer det meir lystbetont, til og med når regnet silar nedover armane. Men å klippa 10.000 epletre åleine om vinteren, slik eg skal over nyttår, det krev si kvinne. Eg høyrer gjerne på lydbøker eller podcastar. Einsformig er det likevel, og eg kjedar meg rett som det er. Eg har faktisk lett for å kjeda meg. Kanskje det er difor eg trivst så godt som eigen sjef, og stadig må utfordra meg sjølv med oppgåver som verkar (nesten) umoglege. Samstundes føler eg meg så heldig.

Eg får vera ute, får sjå på den vakraste naturen eg veit om, på fjorden og himmelen og fargane – alt som skiftar heile tida. Eg får bestemma sjølv!

Dessutan blir eg glad av å driva med konkret, fysisk arbeid. Kroppen min elskar å bli sliten på ein måte eg aldri vart det som lærar. Min næraste hevdar eg er som eit dyr i bur om eg ikkje får gjera kroppsarbeid. Dessutan får eg vera med på magiske ting. I dag laga me issider. Det er som flytande gull! Me frys råsaft frå epla, for så å tina den att. Det første som tinar, er ekstra tjukk, søt, syrleg og kraftig saft. Det er denne me lagar issider av. Den gylne drikka blir tappa på slanke, elegante flasker. Framleis jobbar me med namnet på denne isdronninga – og etiketten er ikkje på plass. Men smaken er der! Eg blir stolt og glad over at me har laga noko så godt. Det skulle dei visst, forgjengarane mine i åtte ættledd bakover, kva galskap eg har sett i gang med. Dei ville sikkert rista på hovudet, men eg håpar og trur dei ville likt det òg.  

Det skulle dei visst, forgjengarane mine i åtte ættledd bakover, kva galskap eg har sett i gang med. Dei ville sikkert rista på hovudet, men eg håpar og trur dei ville likt det òg.

Her om dagen blei eg spurd om mitt mål eller ønske for 2023. Det hårete hovudmålet er og blir å laga verdas beste sider! Eg er eit såpass optimistisk menneske, at eg tenkjer at det skal me klara. Men aller første målet å selja all sideren me har laga. I år har frukta frå 10.000 tre blitt pressa, filtrert og tappa. Det er mykje saft og sider, det. Eg vil så gjerne at denne gode drikka skal finna fram til folk, anten dei kjem til gardsbutikken vår eller finn ho på Vinmonopolet. 

Eg er også heldig som har Bård som Dreng. Han jobbar saman med meg når han ikkje er i Nordsjøen. Å vera eit ektepar som både bur i lag, søv i lag, et i lag og arbeider i lag, er rett nok ikkje for pyser. Drengen og eg snakkar om arbeid frå me står opp 06.30 til me vaklar i seng ein gong utpå kvelden. Heldigvis har me etterkvart lært oss at me ikkje treng gjera alt i lag heile tida. Han kan driva med noko og eg med noko anna, det funkar. Dei vekene Drengen er borte, og eg åleine med alt arbeid og alle avgjersler, kan vera tøffe. Då eg posta noko om det på Instagramkontoen min for litt sidan, fekk eg masse støtte og varme, og det var så fint! Men elles er målet at kontoen skal vera prega av humor og lettbeinte påfunn der og då. Slik får eg utløp for mine meir kreative – og tøysete – sider, og folk får innblikk i ein kvardag som eg har skjønt mange synst er veldig eksotisk.  

For ikkje lenge sidan, fylte eg førti år. Tid og krefter strakk ikkje til for stor feiring. Men det blei kake –  og dans! Eg dansa på stovegolvet, med Drengen, med eine dottera og med mamma, dansa lenge etter dei andre var lei. Eg kom på at eg elskar å dansa, lenge etter dei andre ikkje gidd meir. 

Siderpressinga held fram for fullt framover, og det blir meir siderproduksjon enn juleførebuingar her på Sekse. Juletreet skal me likevel hogga sjølv, tradisjonen tru. Trea på min eigen vesle juletrefarm med fjelleldelgran er framleis så små at det kanskje vert tre frå naboen i år. Juleverkstad på kjøkkenbordet med jentene, må me også få til. Elles blir det verkeleg ikkje tid til så mykje anna enn eple og sider for tida. Slik må det vera, om ein skal laga verdas beste – og om ein skal overleva som fersk siderprodusent. Julevask? Vel, eg fekk nedvask av to rom i sjølvvald bursdagsgåve av mamma, og det kjem ein vel langt med. Julaftan er det likevel julaftan. Når julamiddagen er på bordet og treet står der og lyser, då skal eg hiva av meg Hardangerbonde-habitten, ta på meg nokre fine klede og dei nye Spor-smykka mine – og så skal eg dansa på stovegolvet. Det blir bra!

God advent og god jul til dykk alle!

Ingrid - Hardangerbonde og Sporkvinne

Vil du lese meir om Ingrid som modell for Spor-kolleksjonen? Då kan du lese her.