I tillegg til sølv består Spor også av gullsmykke, inspirert av den norske naturen. Du finn eit mangfald av teksturar og formar av øredobber, ringer og halssmykke som alle gir eit lite vink til vakre detaljar i naturen.
Gullsmykke frå Spor vil enkelt komplementera din personlege stil.
Kvart smykke er nøye laga av dyktige gullsmedar på Voss og er produsert av 585 gull.
Kva er 585 gull?
585 gull er det same som 14 karat gull (14K) og seier noko om gullmengda i legeringa. Ved 585 gull er 58,5 % av legeringa reint gull.
Kvifor velja gull?
- 14 karat gull gir ein vakker, gyllen gullfarge.
- 14K gull er ei slitesterk legering og er mindre utsatt for riper og bulkar dersom ein samanliknar det med andre mjukare legeringar. Ringar og øredobber i 585 gull er difor ideelle for dagleg bruk.
- Gull er eit edelt metall som ikkje rustar eller oksiderer, og det held seg vakkert livet ut.
HUGS: Sjølv om gull er eit slitesterkt materiale, er det likevel lurt å gi smykka litt ekstra pleie og kjærleik slik at dei held seg blanke og fine. Les meir om Smykkepleie.
Gullringer
Ringer er perfekte for å uttrykka din unike stil. Kombiner ulike design og teksturar for å laga ei unik samansetning.
2-i-1 Øredobber
Sjå også vår unike 2-i-1 knopp øredobb i gull med sølvblad som kan takast av. Elegante øredobber som kan brukast både med og utan bladet i oksidert sølv. Desse øredobbene er eit vakkert og allsidig tilskot til smykkesamlinga di.