Inspirasjon

Små øredobber i sølv og gull til alle anledningar

Små øredobber i sølv og gull har ei unik evne til å kombinera enkelheit og eleganse. Dei er diskré til dagleg bruk, men likevel sofistikerte nok til spesielle anledningar.

Små øredobber i sølv

Sølv stråler klasse og eleganse. Uansett stil, anten du ynskjer eit minimalistisk og moderne uttrykk eller føretrekkjer det klassiske og tidlause, blir det aldri feil.

Du kan enkelt kombinera sølvøredobber med andre sølvsmykke, eller miksa med gull for ein moderne twist.

Små detaljar kan gjera ein stor forskjell, og øredobbene nedanfor viser nettopp at «less is more».

Finn din favoritt, og vel blant klassisk, lyst og forgylt sølv, eller oksidert sølv med eit moderne uttrykk.

Sjå alle øredobber frå Spor

Unike 2-i-1 øredobber som lar deg enkelt tilpassa utsjånaden etter behov.

Start gjerne dagen, eller når du ynskjer å tona ned uttrykket, med den enkle delen av øredobben. Når kvelden kjem, og du kanskje har ei anledning å pynta deg til, kan du ta på den lange delen og vips, så har du plutseleg øredobber med det lille ekstra.

 

Sjå Hav 2-i-1 øredobber

LES OGSÅ: Oppdag smykkeserien HAV

 

Føretrekkjer du små øredobber i gull?

Gull er slitesterkt og held seg vakkert over tid. Små øredobber i gull passar difor både til kvardagsbruk og spesielle anledningar, og kan kombinerast med nesten alt i garderoben din. Anten du har ei enkel, kvit skjorte og jeans på jobb eller ein glamorøs, lang kjole i eit selskap, vil gulløredobber vera prikken over i-en.

Med små øredobber har du moglegheita til å skapa ein unik og personleg look ved å kombinera med andre smykke frå Spor.

Sjå alle gullsmykke frå Spor

 

Ei personleg gåve

Leiter du etter den perfekte gåva til ein kjær person i livet ditt?

Om det er ein bursdag, jubileum, eller ei anna spesiell anledning, kan øredobber i sølv eller gull som gåve vera ein flott måte å visa omtanke og kjærleik på.

Norsk smykkedesign, laga på Voss

Spor er ein unik smykkekolleksjon som er designa med fokus på allsidigheit. Den byr på ei personleg oppleving som lar deg utforska og kombinera ulike stilar, og dermed skapa ditt heilt eige uttrykk.

Smykka er designa av Anne Lise Tollefsen og laga av dyktige gullsmedar i Sylvsmidja på Voss, anerkjent for den høge handverkskvaliteten.

Les meir om Spor

Enkelt vedlikehald

Sølvsmykke vil ha behov for litt ekstra kjærleik slik at dei held seg vakre over tid. Riktig pleie og oppbevaring gjer at dei vil sjå nye ut i mange år framover.

Les meir om korleis du best tek vare på Sporsmykka