Spor Kvinna

Set nye spor på gamle stiar

Bileter av Ingerid Jordal Tekst av Schibsted partnerstudio

Ruth er ein forfattar frå vesle Granvin i Hardanger, omsett til ti språk. Ho er også modell for Spor, smykkekolleksjonen som er inspirert av den same ville, vakre og mangslungne vestlandsnaturen som betyr så mykje for henne. – Naturen er utruleg viktig for meg både som forfattar og menneske. Kanskje er det difor eg likar Spor-serien så godt, seier ho.

 

Ruth Lillegraven står med vatn til godt oppå leggane medan regntunge skyer vaskar det mørke, lange håret hennar. Ho er imponerande blid trass det kalde, sure haustvêret. 

Tilbake til røtene

– Eg likar meg her. Ved dette stille vatnet mitt, eller aller helst i det stille vatnet mitt, seier ho. 

Ute får ho klårna hovudet. I naturen får tankane sleppa fri og ho kan sjå det store i det vesle.

For slik er det. Granvinsvatnet er hennar. Vatnet ho har lært å symja i. Vatnet ho har sett frå stoveglaset heile oppveksten. Vatnet ho no har flytt tilbake til. 

Ruth rettar ein peikefinger med gyldne ringar på mot husklynga ovanfor riksvegen og fortel:  

– Der, rett attmed den store, raude løa, der skal me bu. I det same huset eg budde i som lita. I tunet foreldra mine bur i. Det vert godt å bu nærare dei att.

Morgonen glir over i dag. Kommentarane til den heimvendte vestlendingen er kjappe, men gjennomtenkte. Blikket trygt, ryggen rak. Det er ro over veremåten hennar, sjølv om ho seier det ofte kokar på innsida. Det kan bli for mykje å sjonglera. Då er det godt å ha noko vakkert å kvila auga på, anten det er natur eller smykke. 

Etter å ha budd over halve livet på Austlandet har Ruth flytta heim att til den vesle vestlandsbygda Granvin.
I alle år har naturen på heimstaden prega skrivinga til den prisløna forfattaren. Bratte fjell som speglar seg i vatnet. Smale vegar. Djupe dalar, løyndomsfulle grøne fjordar.

Kortreiste smykke

– Det er ei ære for meg å få visa fram desse nydelege smykka. Eg vart glad då eg fekk spørsmål om å vera modell for Spor, seier Ruth og smiler medan ho granskar hendene sine.

Sjølv har 44-åringen eit sterkt forhold til skog og lokale fjell. Naturen er fristaden hennar. Det er ute ho får klårna hovudet. Det er i naturen tankane får sleppa fri og ho kan sjå det store i det vesle.

Det er ikkje berre dragninga mot verda utandørs Ruth har til felles med Spor-smykka. Ho bur no også i Voss herad, der smykka vert laga. Det er hjå den tradisjonsrike vossaverksemda Sylvsmidja at Spor-serien blir til.

– Så for meg er Spor-smykka særs kortreiste. 

Allsidig i bruk

Ruth likar at Spor-smykka er både designa og produsert i Noreg. Både når ho kjøper klede, kunst eller smykke blir ho glad for å finna ting som ikkje er masseproduserte i utlandet.

– Smykka vert på ein måte endå meir ekte når eg veit at det er hender nær meg som har laga dei. Eg synst det er viktig å støtta lokale bedrifter. I tillegg er det fint å vita at det ein kjøper vert til under skikkelege arbeidsforhold, seier ho.

Sidan Spor-smykka enkelt kan kombinerast med kvarandre, kan ein lett setja dei saman slik ein sjølv ynskjer. Eit og same smykke kan brukast både til kvardags og fest.

Då Ruth fyrst oppdaga Spor, vart ho straks fascinert av dei oksiderte utgåvene av smykka.

– Det mørkfarga sølvet er utruleg vakkert. Når eg no har fått studert kolleksjonen nærmare, synest eg også det er fint å kombinera det oksiderte med noko av gull. Då blir uttrykket litt hardt og litt mjukt på same tid, seier ho.

På mange måtar er forfattarskapen hennar slik òg: både litt hard og litt mjuk - og nokså blanda. For mange lesarar er ho kanskje mest kjend for krimbøkene «Alt er mitt» og «Av mitt blod», om justisminister Clara Lofthus, men Ruth har mykje meir på repertoaret. Ho har skrive eit tjuetals bøker i ulike sjangrar for både barn og vaksne, blant anna fleire kritikarroste diktsamlingar. Ho har også vunne fleire prisar, som Brageprisen for boka «Urd». 

Klare spor av norsk natur

Gjennom 25 år med adresse i og rundt Oslo har Ruth late minne og inspirasjon frå naturen og livet i vest gjennomsyra forfattarskapen sin. 

– Sjølv etter alle desse åra i aust, pregar vestlandsnaturen nesten alt eg skriv, fortel ho.

 

I diktboka «Sigd» finn handlinga stad i ei fiktiv vestlandsbygd på 1800-talet. Som lesar er det som om ein sjølv er til stades i dikta hennar. Her er eit utdrag av diktet «Opp av jorda»:

for alt som skjer
har skjedd før

og alt som skjer
skal skje igjen

alt fell i fjorden

himmelen
fjella, lyset
blått i blått
grått i grått
vått i vått
alt i alt

men all
denne steinen
som ein gong
yngla fram
kvar vart
han av

husa har
fått fargar

gule kvite raude
brune grøne blå

og under jorda
ei ny spire

gjennom molda
gjennom molda

mot lyset
mot lyset

Akkurat som Ruth Lillegraven sitt forfattarskap, er Spor også inspirert av naturen
- Smykka kjem frå same naturen som mange av orda mine kjem frå, seier Ruth.

No bur Ruth sjølv midt i eventyret ho skildrar i fleire av bøkene sine, det eventyret som også Spor-designar Anne Lise Tollefsen er så fascinert av.

Der Ruth lét inntrykka bli til ord, lét Anne Lise dei bli til øyredobbar, ringar og smykke.

– Det er dei ørsmå detaljane i naturen som skapar det unike uttrykket til Spor-kolleksjonane, seier Anne Lise.

Spor-designaren har sjølv hatt stor glede av å lesa bøkene til Ruth. Særleg diktbøkene har gripe henne.

– Det er lett å kjenna seg att til landskapet ho skildrar i lyrikken sin. Det har vore givande å å få Ruth sine innspel på Spor-kolleksjonen, og høyra ho fortelja om forfattarskapen sin og forholdet sitt til vestlandsnaturen, legg Anne-Lise til.

Den viktige, sårbare naturen
Fleire av bøkene til Ruth er omsette til andre språk. Diktsamlinga «Sigd» kan ein lesa på engelsk, tysk, fransk og nederlandsk og spansk, noko som er uvanleg for ei diktbok. Krimbøkene har kome på åtte språk. 

Spor-kvinna Ruth er med andre ord ei som spreier kjærleiken til norsk natur langt utover landegrensene.

Når ho og familien no flyttar inn i den gamle «Klokkarstova» på heimstaden, skal Ruth ha kontor på eit rom som vert kalla «Prestalemmen». Namnet har rommet hatt heilt  sidan presten i gamle dagar pleidde å bruka det då han var i bygda.

– Ein forfattar er jo heldig som kan rømma frå eigen kvardag og leva andre sine liv når ein skriv. Så kanskje eg vil skriva om heilt andre stadar no som eg sit midt i vestlandsnaturen? ler ho. 

– Men eg trur ikkje det. Eg har alltid likt å ta utgangspunkt i det som er nært meg. Naturen vil nok uansett vera med i det eg skriv. Han er jo så viktig for oss menneske - og så sårbar for kva me finn på.

Bruker seg sjølv i skrivinga
For Ruth er mykje av utfordringa med å vera forfattar å finna tid og konsentrasjon - og ein god balanse mellom dei ulike delane av livet. 

– Men sånn er det jo for mange, i ulike yrke, seier Ruth.

Ho bruker også mykje av eige liv i skrivinga si, kanskje særleg i diktskrivinga. Eige liv og eigen natur.

– Det likar eg så godt med Spor-smykka, at dei kjennest nære og kjente på eit vis. At dei nærast har sprunge ut av naturen her, gjer at eg kjenner meg litt i slekt med dei. Smykka kjem frå same naturen som mange av orda mine kjem frå. Ord frå jord. Spor frå jord, seier ho, og ler litt.

Ruth likar å pynta seg, men det har ikkje vore så mykje tid til dei største festane den siste tida. Flyttinga frå aust til vest, restaureringsarbeidet og ikkje minst å vere mamma for dei ti år gamle tvillinggutane og veslejenta på ti månadar tek si tid. 

Heldigvis er det ingenting i vegen for å pynta seg til kvardags heller. Det er jo dei det er flest av - også for ein prisløna, internasjonal forfattar frå Granvin.

Sjå heile Lav-serien her

Utforsk

Spora til Hardangerbonden

Filosofien til Spor er å lyfta fram kvinner som vel annleise vegar og slik inspirerer andre. Då den nye serien Epleknopp vart lansert i vår, var det med eplebonde Ingrid Sekse som staut smykkemodell.

For Ingrid betyr naturen alt.

– Eg kan nok gå så langt som å seia at eg elskar naturen, seier ho.

Les saka om Hardangerbonden

Utforsk kolleksjonane

Mjuke, organiske former kjenneteiknar Lav-serien frå SPOR. Inspirasjonen er henta frå lav på Finse og foto av Sonja Henie der ho driv over isen med bølgjande skjørt som minner om steinlav.
Små perleforma detaljar kjenneteiknar Knopp-serien i 925 sølv. Dei små kuleformene er anten runde eller flate og minner om glitrande regndråper eller blenkjande iskuler. Epleknoppen er siste tilskot til denne serien.
Blad-serien er inspirert av dei feminine lauva på norske søljer og er laga i 925 sølv. Overflata har fått eit subtilt uttrykk. Glattpolerte flater møter organiske detaljar.

Bli Mitt Spor-medlem i dag og få 15 % rabatt på alle ordinære prisar (gjeld ikkje produkt som inneheld gull) og fri frakt.

Bli medlem