Spor-ringene er norsk smykkedesign på sitt beste, inspirert av dei vakre formene du finn på fjellet og i skogen. Ringer som kan brukast heile tida, som berre blir vakrare med tida. Jo meir slitt – jo meir skinnande blir dei. Produkta frå Spor skal halde seg vakre over tid, difor har me vald vekk forgylt og erstatta dei produkta med gull 585. Sølvringene er laga med 925 sølv, også kjent som sterling sølv. Ringene er laga med høgaste kvalitet av gull og sølv for at du skal kunne bruke Spor-smykka kvar einaste dag.
LES OGSÅ korleis du tek vare på og vedlikeheld Spor-smykka dine.
Godt utval av ringer
I nettbutikken kan du velje mellom store voluminøse dameringer, enklere ringer eller ringer med bølgendeformer inspirert av naturen på Finse. Fleire av dei kan kombinerast ved anten å bruke dei på same finger eller ved å bruke fleire ringer på hendene.
Sjølv om dei aller fleste ringene våre er regulerbare, kjem dei gjerne i ulike storleikar. Er du usikker på kva du skal velje? Her får du hjelp til korleis du måler ringstørrelsen.
Akkurat som naturen set sine særeigne spor fulle av kontrastar, fargar og liv, kan du kombinere ringene for å skape ditt heilt eige uttrykk. La deg gjerne inspirere på vår Instagram-konto. Spor-smykka er laga av norsk designar, og heile smykkekolleksjonen vert smidd av gullsmedar på Voss.
Bli Mitt Spor-medlem i dag og få 15 % rabatt på alle ordinære prisar (gjeld ikkje produkt som inneheld gull) og fri frakt.