I Spor sin kolleksjon av øredobber i sølv finn ein nydelege små skattar inspirert av den norske naturen sjølv: blada, lavet og knoppane du finn i skogen og på fjellet. Kvar øredobb er laga av dyktige gullsmedar på Voss, og tilbyr eit mangfald av overflater som kvitt sølv, oksidert, forgylt og antikkforgylt sølv.
Hjå oss finn du mange vakre øredobber, både små og store, i ulike legeringer som lar deg uttrykke din personlege stil. Dei ulike storleikane på øredobbene gir deg friheit til å velje det som passar best for deg – slik kan du setje dine eigne spor. Øredobber frå dei tre seriane Blad, Lav og Knopp kan enkelt kombinerast med våre andre smykke frå dei ulike seriane, slik at du kan skape eit heilt unikt og samansett uttrykk.
LES OGSÅ: Slik oppbevarer og vedlikeheld du Spor-smykke
Blad-øredobber
Kolleksjonen byr på både naturalistiske og abstrakte design som framhevar former henta frå naturen. Bjørkeblad er inspirert av dei fine mønstra du kan sjå i eit blad når du held det opp mot lyset. Bladvev minner om dei skjøre haustblada med sine perforerte linjer. Dei abstrakte lauva har ein naturinspirert tekstur der glattpolerte flater møter organiske detaljar. Sjå heile Blad kolleksjonen her.
Ørepynt frå Lav-serien
Den naturtru Lav-serien framhevar det organiske og mystiske til lavet og hentar impulsar frå Finse der ein finn flotte artar av lav som veks i steinlandskap. Lavet som veks på høgfjellet her er både mjuke og harde formar, og det er akkurat desse formene du ser igjen i Lav-serien.
Knopp-inspirert øredobb
Knopp-serien tilbyr eit rikt og fyldig design som fangar både det abstrakte og det konkrete. Knopp-øredobbene er Inspirert av naturens små underverk; vanndråper som speiler morgen solen og dei tålmodige knoppene som bryt gjennom frossen jord. Sjå vårt utval av smykker i Knopp-serien her.
Gåvekort fra Spor
Kjøp eit gåvekort til nokon du er glad i
Bli Mitt Spor-medlem i dag og få 15 % rabatt på alle ordinære prisar (gjeld ikkje produkt som inneheld gull) og fri frakt.