Inspirasjon

Julehelsing frå Ruth Lillegraven

Tekst av Ruth Lillegraven

Adventstida er her. For nokre er ho fin, for andre fæl – og for mange er ho kanskje begge deler.

Sjølv kom eg akkurat igjen frå Oslo, ein by eg har hatt eit nært forhold til sidan eg flytta dit som attenåring. Oslo er så nydeleg med førjulssnø og julelys overalt, eg fekk treft masse kjekke folk eg er glad i. Men eg lengta likevel slik HEIM! Heim til Granvin, staden der eg er oppvaksen, og no for første gong på 25 år er fastbuande. Det er slett ikkje slik at livet på landet er utan bekymringar og problem. Kvardagar er kvardagar her også. Likevel lengta eg altså heim. Heim til Granvinsvatnet, så vakkert med det vesle gløttet av sol som desse mørke vinterdagane i blant byr på. Heim til mann og ungar, sjølvsagt. Mest lengta eg kanskje likevel etter huset vårt, som me endeleg er i ferd med å flytte inn i etter årevis med restaurering, og ein heil haust som gjester hjå tolmodige foreldre.

Eg er glad eg ikkje visste om alt som låg framfor oss då me starta, då veit eg ikkje om eg hadde tort.

Siste halvanna året har me grave ut stein frå under det gamle golvet, støypt, lagt nytt golv, huset har blitt jekka opp og taket tatt av. Infrastruktur som vatn, avløp, varme, straum har måtta på plass i tillegg til alle vala med fargar, overflater, gamle og nye veggar, golv og tak. Å gjere eit 1700-talshus til ein moderne heim og ta vare på husets sjel, er ingen spøk. Og det svir i lommeboka. Eg er glad eg ikkje visste om alt som låg framfor oss då me starta, då veit eg ikkje om eg hadde tort. Men av og til må ein vere meir uredd enn ein kjenner seg. Det måtte eg også då eg sa opp fast jobb for snart åtte år sidan, for å satse som forfattar.

No for tida dagdrøymer eg berre om kvar eg skal ha det gamle skatollet, kvar eg skal hengje det raude og grøne åkledet og kvar mine to Stella adventsstjerner skal hengje. Både nye og gamle ting ber med seg historier og minne – og små gledesglimt over å kvile auga på noko vakkert. Alle desse tinga, sjølv om dei berre er ting, er med på å lage ein heim. Utan møblar, tekstilar, kunst, planter – og framfor alt: folk – er eit hus trass alt berre eit hus.

Det kjennest som me har drive med denne restaureringa ei heil æve, men i røynda er det berre eit lite knips i huset si lange historie. Kapellan Gerhard Kahrs kom med huset rundt 1780. Tømmeret må ha blitt segla inn fjorden, flytta med hest og kjerre til Granvinsvatnet og frakta over isen her ein vinter for rundt 240 år sidan. Det er ein svimlande tanke å ta inn.

Her skal me leve liva våre, blant skeive, men solide tømmerveggar som har sett folk kome og gå i hundrevis av år.

Dei siste tretti åra har huset stått tomt og åleine, etter at familien min flytta over tunet då eg var fjorten år. No skal det igjen endeleg bli varme i dei slanke, svarte omnane og lys i dei mange smårutete vindauga. Gamle møblar, åklede, bøker og bilete skal få flytte inn og blande seg med nye ting. Og to vaksne og tre barn skal leve liva sine her, blant skeive, men solide tømmerveggar som har sett folk kome og gå i hundrevis av år. 

Kanskje er det alderen som gjer at eg så lett lengtar heim. Kanskje blir me påverka av alt som trugar og er leitt i verda for tida. Kanskje er det den mørke årstida, eller rett og slett dette huset. Men nett no vil eg berre vere heime, i det nære, ekte, tett på den same naturen som eg er vaksen opp med. Det å vere meir ute, i skogen og i heimefjella, er eit av måla mine for neste år. I år blei det for mykje flytting, og for lite natur. Ikkje har det blitt så mykje skriving heller. Lyden av knatrande tastatur, lav som knirkar under fjellstøvlane og ospeblad som syng, det ynskjer eg meg for 2023.

Noko fint som har prega siste året er vesle Synva. Ho kom til verda tre dagar før julaftan i fjor, på årets mørkaste dag. Då måtte ho jo bli oppkalla etter tipp tippoldemora i tunet – som hadde eit namn som betyr solgåve. I fjor var Synva ein sovande liten bylt i jula. I år krabbar ho lynkjapt rundt, reiser seg, er entusiastisk og nysgjerrig til stades. Finst det noko som går meir uverkeleg fort og er meir magisk enn eit lite menneske sitt første leveår?

Tid er forunderlege og fascinerande saker – og ei utømmeleg kjelde for meg som forfattar. I alt som flakkar og forvitrar, forfell og blir borte, er det godt med noko varig. Der er naturen vanskeleg å overgå. Men på soverommet i huset med dei gamle tømmerveggane skal eg ha ein fin gamal kommode, med lys og bilete på. Og der skal eg ha dei nye kvite Spor-boksane med Lav og Knopp-skattar i sølv og gull. Ein dag skal vesle Synva truleg arve smykka mine. Men først skal eg bruke dei sjølv, på festdagar og alle slags andre dagar.

Riktig god førjulstid til dykk alle!

Beste helsing Ruth, forfattar og Spor-kvinne

 

Vil du lese meir om Ruth som modell for Spor-kolleksjonen? Då kan du lese her.