Ynskjer du smakfull og flott frukt på treet ditt? Då gjer du som eplebonde Ingrid Sekse: tynn!
Det betyr at du må fjerna noko av karta på forsommaren, men ikkje ver lei deg for dei ørsmå fruktene du kastar. Tynnejobben får du nemleg att for til hausten.
– Ved å tynna kan treet bruka energien sin på dei gjenverande fruktene, forklarer Ingrid, som gjerne engasjerer mann, døtre, svigerforeldre og si eiga mor i tynnejobben.
No må det nemnast at Ingrid sjølv har 10.000 tre som skal tynnast.
– Ja, det er litt av ein jobb! Så eg betaler dei gode hjelparane mine med is, humrar ho, og understrekar at mesteparten av tynninga sjølvsagt vert gjort av ho sjølv og innleigde sesongarbeidarar.
Rundt henne gnistrar morgondoggen når dagens første solstråler byrjar å varma. Ein lett bris leikar seg med greinene, og glitrande vassdropar ligg som perler på dei nye epleblomane.
Det er slike ørsmå detaljar som dette som skapar det unike uttrykket til den norske smykkekolleksjonen Spor.
– Heile kolleksjonen er inspirert av naturen, fortel Ingrid og held fram:
– Eg finn styrke i naturen. Den er raus.
I 2022 lanserte Spor ein heilt ny serie som heiter Epleknopp. Og kva passa vel då betre enn at ein eplebonde var med på lanseringa? Strategien til Spor er å lyfta fram kvinner som vel annleise spor i livet og slik inspirerer andre.
Om vår- og forsommaren kler Ingrid sine epletre seg som den fagraste brur. Når knoppane spring ut i full flor etter den lange vinterdvalen, er det som om ho bur midt i eit eventyr. Dei tusenvis av trea strekkjer seg oppover mot dei snødekte fjelltoppane og speglar seg i den majestetiske Hardangerfjorden langt der nede.
– Folk spør om eg ser kor vakkert det er her. Og ja, det gjer eg. Arbeidsplassen min er den finaste plassen eg veit om, seier Ingrid.
– Eg elskar naturen
– Heile livet mitt handlar om naturen. Eg bur omkransa av epletre, jobbar utandørs dagen lang og brukar fjell og fjord på fritida. Eg kan nok gå så langt som å seia at eg elskar naturen, seier Ingrid.
«Spor-kvinnene», altså alle stolte berarar av smykkekunsten, er kvinner akkurat som Ingrid i Hardanger: ekte og kvalitetsbevisste som kvar og ein set sine eigne spor.
Ingrid er tiande generasjon som driv fruktgarden i Ullensvang i Hardanger.
– Epleknoppane er levebrødet mitt og noko av det aller finaste eg veit om. Det at knoppane utviklar seg som dei skal, er kjempeviktig for oss fruktdyrkarar. Eg vart skikkeleg stolt då eg fekk veta at Spor vert laga på Voss som berre en liten time frå garden min.
– Det er også kjempespennande for ei som meg å få lov å vera med på dette, held ho fram.
Spor vert laga på Voss
For ikkje så veldig mange generasjonar sidan, var dei aller fleste i Noreg bønder. Gjennom tiår på tiår gjekk kunnskapen om dyrking og hausting i arv frå foreldre til born.
På same måte som Ingrid fekk opplæring av far sin, lærer gullsmedar ofte handverket av dei med lengre erfaring.
– Eg er stolt over arbeidsplassen min når folk påpeiker kor flott det er at me produserer smykke og bunadsølv i Noreg, seier gullsmed Laila Time hjå Sylvsmidja på Voss.
Ho er andre generasjon gullsmed i sin familie og har same arbeidsplass som faren. Det er mellom andre ho og kollegaene Iris June Bø Nesje og Hildegunn Gjerde hjå den tradisjonsrike bunadsølvprodusenten som lagar Spor-smykka.
Epleknoppane er levebrødet mitt og noko av det aller finaste eg veit om. Det at knoppane utviklar seg som dei skal, er kjempeviktig for oss fruktdyrkarar. Eg vart skikkeleg stolt då eg fekk veta at Spor vert laga på Voss som berre er ein liten time frå garden min
Allsidige smykke
Heile Spor-kolleksjonen har klare spor av norsk natur. Det gjer Ingrid glad.
– Eg liker også utruleg godt at smykka kan kombinerast slik at kvar enkelt kan setja dei saman på akkurat sin måte. For meg passar det bra at dei er enkle sidan eg har ein litt minimalistisk stil. Andre kan ta på seg fleire smykke samtidig og slik få ein maksimalistisk stil, seier Ingrid.
Ho vedgår at livet hennar er temmeleg ulikt gjennomsnittskvinna sitt. Likevel har det mange fellestrekk. Fruktbonden er derfor sikker på at ho ikkje er aleine om å lika det naturlege ved smykkekolleksjonen.
– Eg trur mange kan relatera seg til det eg held på med. Det er jo langt frå berre eg som er oppteken av lokalproduserte varer og det å ta vare på miljøet. Men der andre kan synest det er eksklusivt å hogga ved, planta eit tre eller køyra traktor, så er jo dette vorte heilt daglegdags for meg, seier ho.
Bonde på Instagram
Ingrid kallar seg sjølv for «Hardangerbonden», og deler mykje av livet sitt som bonde på sosiale medier. Som oftast alltid med eit skråblikk og ein solid dose humor.
– Alt eg gjer er ekte. Eg viser berre livet mitt slik det er, eg.
Ho ynskjer å inspirera andre kvinner til å verta bønder.
– Det å vera bonde synest eg er det aller kulaste yrket ein kan ha, sier Ingrid og ler med stor overtyding.
Ho får eit bestemt uttrykk i det isblå blikket og lèt auga kvila på fjorden før ho held fram:
– Men det var jo aldri planen at eg skulle verta bonde. Eg utdanna meg til lærar, eg.
Det var far hennar som dreiv garden. I 2013 vart han så brått sjuk og døydde etter kort tid. Det fekk Ingrid over på heilt nye tankar om gardsdrift. Det var no eller aldri. Det vart no.
– Tøffa meg? Pøh!
– Fyrst søkte eg om permisjon frå lærarjobben for å testa ut gardslivet. Så gjekk det eitt år, og då sa eg opp. På sikt er målet at også mannen min kan leva av garden, seier Ingrid.
Inntil vidare jobbar han i Nordsjøen. Det er ein fin kombinasjon med å vera gardsgut på deltid.
– Ja, Bård er drengen min, fastslår bonde Ingrid og bryt ut i ein herleg latter.
Då Ingrid fyrst kom inn det mannsdominerte bondeyrket, fekk ho ein god del interessante kommentarar.
– Det var fleire som spurde mannen min om kva han hadde gjort for å få meg til å køyra traktor. Nokon lurte også på om eg gjorde det for å tøffa meg. Tøffa meg, liksom! På ein gard køyrer ein traktor fordi ein er på jobb.
Flasker med sjel
Då Ingrid vart bonde på fulltid, var det mykje å ta tak i. Det var mellom anna svært mange gamle epletre som måtte skiftast ut, noko som ikkje akkurat er gjort i ei handevending. I tillegg vart alle plomme- og morellfelt bytte ut med epletre.
– Me bestemte oss tidleg for å satsa alt på ulike sortar eple, seier Ingrid.
Midt på tunet er eit splitter nytt produksjonslokale no på plass. Her skjer alt frå pressing til tapping av dei edle dråpane. Gardsutsal har dei òg.
– Dei ulike produkta våre er laga av reine eplesortar for å framheva kvar eplesort sin unike smak. Alle er kalla opp etter menneske som er eller har vore ein viktig del av livet mitt, seier Ingrid.
Eplemosten «Odelsjento» har til dømes fått namn etter eldstejenta Ida, medan «Vetlajento» er kalla opp etter yngstejenta Tuva. I tillegg har Hardangerbonden mellom anna «Mormor» og «Svigermor» blant sortimentet sitt. På baksida av flaskene kan ein lesa historia til den faktiske personen produktet har fått namn etter.
Spor består til no av tre ulike seriar: Lav, Knopp og Blad som alle kjem i 925 sølv i kvite og oksiderte utgåver. Nokre av smykka vert også laga i gull. Det kjem stadig nye produkt i seriane, og aller nyast er Lav-serien.
Bli Mitt Spor-medlem i dag og få 15 % rabatt på alle ordinære prisar (gjeld ikkje produkt som inneheld gull) og fri frakt.
Sjå Knopp-kolleksjonen
Spor har eit moderne uttrykk inspirert av norsk natur.
Kolleksjonen består av tre ulike seriar som du kan setja saman på din eigen måte. Frå det enkle og sofistikerte, til eit meir leikent uttrykk.
Utforsk