Med sitt klåre, lyseblå blikk ser Frida Amundsen ettertenksamt ut i lufta.
– Ein må aldri gløyma å bruka sansane. Lytta og sjå. Verkeleg kjenna etter, seier ho.
Heile livet har musikken vore ein trufast følgjesven for 31-åringen. Frå ho som lita leika i vill vestlandsnatur og bada i iskalde fjellvatn, til ho som vaksen har busett seg i barndomsbygda Vaksdal etter mange år i millionbyen London.
Inspirasjonen til nye tonar og tekstar kjem ofte uventa, der ho bur omkransa av fjord og fjell, på ein liten tettstad med knappe tusen innbyggjarar mellom Bergen og Voss.
– Musikken har alltid vore med meg, og eg visste veldig tidleg at det var musikk eg ville halda på med, seier Frida.
Ein tur til badekulpen ho plaska i som born, eller ein løpetur i mektig natur medan tankane får leika fritt, kan føra til nye musikkspor.
– Eg var berre 17 år då eg fekk platekontrakt. Utfordringane stod i kø! Det var sjølvsagt utruleg spennande, men samtidig var eg livredd, innrømmer Frida.
No er ho ny modell for Spor - dei unike smykka som også er inspirerte av den eineståande naturen vår.
Sjå alle smykka i Lav-serien
Fascinert av handverket
Spor-smykka er smidde på Voss, berre ein knapp time frå bygda til Frida.
Den nye smykkemodellen fortel at ho vart mållaus av beundring då ho besøkte verkstaden og sjølv fekk sjå alt handverket smykka går gjennom før dei kan blenkja på ein kropp.
– Det var utruleg fascinerande å få eit innblikk i utforminga. Eg hadde verkeleg ikkje sett for meg at det var så mykje som måtte gjerast, eller så mange ulike hender som måtte til, for å laga eit halskjede eller ein øyredobb.
Gjennombrotet
Høyrde du på radio i 2011, fekk du garantert med deg den mjuke, kraftfulle stemma til Frida. Kanskje nynna du til den melodiøse låta ho slo gjennom med også? «Come a little closer. Come a little closer. Closer to me ...»
Låta «Closer» vart ein stor hit både i inn- og utland, og markerte gjennombrotet hennar på den norske musikkscena.
– På den tida hadde eg flytta frå Vaksdal til Oslo, men som ung artist frå ei lita bygd var det ikkje enkelt å navigera i ein bransje som ofte krev at ein tilpassar seg for å passa inn, seier songaren, og fortel at ho alltid har hatt mest lyst til å syngja på norsk.
– Musikken har alltid vore ein måte for meg å uttrykkja det eg ikkje alltid klarer å setja ord på sjølv.
Tenåringsartisten Frida opplevde at dei rundt henne oppmoda henne til å syngja på engelsk. Ho skildrar korleis ho heilt frå starten av karriera måtte kjempa for å finna si eiga stemme i ein bransje med høge forventningar og stort press.
Rom for eigne prosjekt
Frå Oslo gjekk ferda vidare til London, der ho både song sjølv og skreiv musikk for andre artistar. Under ei samling tilbake i Noreg møtte ho sitt livs store kjærleik: italiensk-australiaren Tonino, som ho no er gift med.
– Me budde i London, og planen vår var eigentleg å flytta vidare til Los Angeles. Men så kom pandemien og endra planen eit lite hakk, kan du seia, fortel Frida og humrar.
For å gjera historia kort: I staden kjøpte og pussa dei opp huset til Frida si bestemor på Vaksdal. Høghus, motorvegar og betongjungel vart bytta ut med fjord, fjell og skog.
– Her er tempoet roleg, og tilgangen til vill og vakker natur nærast endelaus. No finn to musikarar som Tonino og meg rom for å fokusera på våre eigne prosjekt og laga ny musikk. Framtida ser lys ut, smiler Frida.
Bli Mitt Spor-medlem i dag og få 15 % rabatt på alle ordinære prisar (gjeld ikkje produkt som inneheld gull) og fri frakt.