Multikunstnar Signe Schineller blir den tredje Spor-kvinna.
Den vakre, kontrastfylte naturen er inspirasjonen til det norske smykkemerket Spor.
Hausten banar veg for nye fargar og kontrastar. Naturen går over i ein annan fase, og livet følgjer ein ny syklus. Gir slipp på det som har vore, og gjer klart for nye stival. Set nye spor.
No er smykkemerket aktuell med ein ny kolleksjon som omfamnar naturleg eleganse, samtidig vert Spor-kvinna, den tredje i rekkja, avslørt.
Speglar livet
Smykkemerket Spor frå vestlandsbygda Voss er ei heil-norsk satsing inspirert av den vakre, norske naturen. Spor speglar årstidene i naturen, og årstidene i livet. Dette vert også reflektert i kvinnene som frontar smykka:
Forfattar Ruth Lillegraven, Hardangerbonden Ingrid Sekse, og siste tilskot, multikunstnar Signe Schineller i haustens lansering.
– Det var naturleg for meg å visa fram dei vakre Spor-smykka her eg bur på Vestlandet. Dei er laga med inspirasjon frå den rå, norske naturen som eg er så glad i. Naturen som er i konstant forandring og overraskar meg heile tida med noko nytt, seier Signe Schineller, yogainstruktør, keramikar og interiørstylist, mellom mykje anna.
Ho snudde heilt om på livet, og gjekk frå karrierejag i Oslo og som interiøransvarleg i eit oppussingsprogram på TV, til eit rolegare liv nærare naturen på Askøy, utanfor Bergen. Ho lar seg ikkje lengre påverke av kva andre meiner.
Løftar fram kvinner
Når Spor lanserer ny smykkekolleksjon, er strategien å løfta fram kvinner som har gått sine eigne vegar og sett sine spor på ulike måtar. Kvinner som er balanserte og naturlege, som deler sine erfaringar og refleksjonar, om utfordringar, motstand, glede og engasjement.
– Dei inspirerer andre. Det skal Spor også gjera - ikkje berre vera noko ein har på seg, men ein «state of mind», seier Maria Liv Gjerstad.
Ho er marknadssjef hjå Sylvsmidja, kjend som ein tradisjonsrik og kvalitetsbevisst bunadsølvprodusent, som også står bak smykkemerket Spor.
Heil-norsk smykkedesign
Sylvsmidja er blant dei som går mot trenden med å flytta smykkeproduksjonen til utlandet. På Voss satsar dei på nye merkevarer og produserer alt lokalt. Spor-kolleksjonen er heil-norsk, designa av Anne Lise Tollefsen, og laga av erfarne gullsmedar hos Sylvsmidja.
– Det er veldig stas å designa smykke som blir laga på Voss. Dei kunnskapsrike gullsmedane brukar sine ferdigheiter i tradisjonshandverk til å laga moderne smykke av høg kvalitet i resirkulert sølv og gull, seier Anne Lise Tollefsen, blant anna kjend som klesdesignar og fagansvarleg i Symesterskapet på NRK.
Personleg uttrykk med organiske former
Spor-kolleksjonen består så langt av tre ulike seriar: Blad, Lav og Knopp som lagast i 925 sølv, med kvite, oksiderte og antikkforgylte overflater. Noko lagast også i gull. Smykka kan setjast saman og brukast på ulike måtar, og alt kan lett miksast og matchast. Kolleksjonen som blir sloppe 17. oktober er ei vidareføring av serien Blad, og inspirasjonen kan sjåast i haustkledde bjørkeblad.
– Dei organiske formene speglar av frå dei heilt enkle øyredobbane til store blikkfang. Innslag av ringar, armband og halssmykke med perler og steinar toppar kolleksjonen, fortel designar Tollefsen.
– Med smykkeseriane kan ein uttrykka sin eigen personlegdom og setja sine eigne spor, seier Gjerstad i Sylvsmidja.
---------------
Om Sylvsmidja
Sylvsmidja vart etablert i 1940 og er Noregs leiande produsent av bunadsølv. All produksjon skjer i verkstaden på Voss. I tillegg til produksjon av bunadsølv står Sylvsmidja mellom anna bak det moderne smykkemerket Spor, og er no aktuell med ny kolleksjon og ny Spor-kvinne.