Inspirasjon

Førjulsbrev frå Anne Lise

Eg er eit vintermenneske, og eg innrømmer det. For meg fell det ein eigen varme og ro over livet på denne tida av året. Alt det stille, mørke, men med lyset me kan skape og tenne, den stille forventninga, og nydelege Bergen by i førjulsskrud.

Nyleg hadde me julemarknad i området rundt Steinkjelleren, bak Bryggen. Det er ein tradisjon som har kome til dei siste åra, og som tiltrekkjer seg stadig meir folk. I år trur eg det må ha vore tusenvis av gjester, og talet på utstillarar hadde gått frå 17 til 68. Folk selde alt frå brukte klede og ting, til handverksprodukt. Det var så koseleg, med dei historiske, vakre trehusa, dei smale smaua, dei julepynta gatene. Bergen brannkorps var der og spelte, damekoret var der og song, det var fyr på bålpanna, og magisk stemning!       

Sjølv opna eg døra til atelieret mitt, og gledde meg stort over alle som var innom og kikka på den nye Spor-kolleksjonen.

Det er så inspirerande og fint å prate med smykkeinteresserte kvinner, høyre kva dei er opptekne av, kva dei tenkjer om dei nye smykka eg har laga, og sjå dei prøve armband, ringar, kjeder og øyrepynt. 

Pssst: Butikken i Bergen er open i helga lørdag frå kl. 11 til kl. 16, søndag frå kl. 12 til kl. 16. 

Etter at ein har halde på med noko lenge, er ein på eit vis veldig «ferdig» med produkta når dei endeleg materialiserer seg. Då er hjernen i gang med noko nytt. Men når andre kjem og lar seg fascinere og begeistre for første gong, då blir ein litt fascinert og begeistra sjølv også. Og plutseleg oppstår det tankar om nye smykke, eit nytt par øyredobbar, ein ny ring eller eit nytt anheng utifrå nettopp desse samtalene. I desse dagar sit eg og teiknar på nye smykke, som eg snart skal presentere for resten av Spor-folka på Voss, og som kanskje kan sjå dagens lys neste år ein gong. Det er utruleg spennande. Kolleksjonen veks og utviklar seg, som ein skog med stadig nye tre i.

Lenge før eg byrja å lage smykke, laga eg klede, og det gjer eg framleis. Det er stor kontrast mellom det harde i smykka og dei mjuke tekstilane, og det likar eg. Samtidig er prosessen ikkje så ulik. Det handlar om å tenkje, sjå for seg, teikne - og så gjer det om til noko konkret, noko ein kan ta på, og ta på seg. I atelieret mitt i Nikolaikirkealmenningen møtest alt dette.  

Bergen er min by, der eg har budd heile vaksenlivet mitt, og sett dei tre sønene mine vekse opp. Den ofte mørke, regnglinsande byen, med alle dei kvite eller fargerike husa, fjella, lukta frå sjøen, brusteinane, dei gamle bryggehusa – alt som myldrar i smau og rundt gatehjørne. Det er heimekoseleg og urbant på same tid. 

 

 

Ganske annleis er Finse, der me har hatt hytte i mange år. For designaren i meg er det utruleg inspirerande å kome til høgfjellet og sjå og oppleve naturen der.

Ganske annleis er Finse, der me har hatt hytte i mange år. For designaren i meg er det utruleg inspirerande å kome til høgfjellet og sjå og oppleve naturen der. Ein av underseriane til Spor, Lav, har nærast sprunge opp av fjellet på Finse. 

Dei mange ulike lav-typane ein finn på fjellet, er som små skulpturar i seg sjølv. Dei er så mjuke og organiske. I sterk kontrast er det harde, glattslipte berget. Noko av denne kontrasten har eg prøvd å fange når eg har laga Lav-ring med glattslipt stein, der steinen representerer berget. Å vere på Finse, borte frå alt det vanlege, å gå lange turar, kjenne vinden røske i kroppen og få kjakane til å brenne, for så å kome inn på hytta, fyre i omnen, finne roa der, det er noko av det beste eg veit. Landskapet på Finse minner meg nesten om eit slags månelandskap, så annleis er det, og det sluttar aldri å fascinere og inspirere meg. 

Eg gler meg alltid til jul, og no nærmar det seg for alvor. Sjølve jula blir i Bergen, så blir det romjulstur til Finse. Eg gler meg til å vere med familien, kjenne på den gode roa, tenne lys. For meg er også musikken ein utruleg viktig del av det som skapar jula. Å få synge i kor når det nærmar seg jul, det hjelper alltid på julestemninga. Blant mine desiderte favorittar er «Det var ein gong julesong». Heime har me elles eit berbart piano som stadig vert flytta rundt i huset. I jula må det stå i stova slik at min kjære kan spele jula inn, og me andre kan nyte det.

Eg set også stor pris på det friske juletreet, som tradisjonen tru vert pynta med barnleg julepynt laga av gutane våre, den gong då kunst og handverk var favorittfaget deira. 

Då vil eg berre seie: riktig god siste advent – og god jul – til dykk alle! Hugs å tenne lys og ikkje stresse for mykje!

Vil du lese meir om Anne Lise og Spor? Då kan du lese her.