Anne Lise Tollefsen - designar av Spor smykker

Designaren – Anne Lise Tollefsen

Inspirasjonen hentar ho frå norsk natur, reiser, møter med andre menneske og små detaljar i gamle vintage plagg. Ho jobbar intuitivt med eit leikent blikk, på jakt etter noko unikt. Stilen balanserar subtilt mellom design og kunst, og ho har ei spesiell evne til å spela på kontrastar.

SPOR ber nettopp denne signaturen. Den er retro-inspirert, men har moderne form. Klassisk, men også rocka. Elegant, men samstundes uhøgtideleg og leiken.

Sylvsmidja, med gullsmedane Laila Time og Trond Johansen, har vidareført ideane til Anne Lise, og heile smykkekolleksjonen vert laga i verkstaden på Voss.

Full av pågangsmot starta Anne Lise Tollefsen opp som klesdesignar då ho var 20 år. I ei årrekkje har ho hatt sin eigen atelierbutikk, like bak Bryggen i Bergen, og hennar unike kreasjonar til spesielle høve har ikkje gått upåakta hen. Fleire av Norges fremste kvinnelege artistar har forelska seg i hennar design.

Sølv er eit spennande materiale som har trigga fram nye idear i designprosessen. Det har vore inspirerande og utfordrande å designa Spor saman med Sylvsmidja, og ekstra stor stas at me her snakkar om ekte handverkskvalitet!

sporsmykke-verkstad